Follabloggen

Velkommen til min blogg

Gale i går, rett i dag, eller i morgon

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 9. mars , 2015

Verda er rar. For 35 år sidan bygde eg garasje utan å spørje kommuna om lov. No er det lov å byggje garasje utan å spørje, heller ikkje grannen. Tur du eg har hatt dårleg samvit i 35 år?

For over 50 år sidan kjøpte eg radio utan å registrere meg som lisensbetalar. (Trøysta meg med at det var handelsmannen som svikta). Hadde litt dårleg samvit i fleire år, heilt til det vart slutt på radiolisensen.

Det er over 70 år sidan eg vart fødd. Sidan då har vi fått abortlova og partnerskapslova.

Nokre lover og reglar er meir avgjerande og drastiske enn andre.  Det finst i dag folk som på alvor meiner at eit menneske skal ha rett til å be helsevesenet om hjelp til å avslutte livet , og få det. Skulle den dagen også kome at legane får lov til å avslutte eit liv som dei ser er utan von, bør ein bli verkeleg skremd.

Ein kan bli uroleg for framtida av fleire grunnar.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php