Handaband

Visste ein ikkje betre kunne ein tru at» handaband» var ein bandasje på handa, eller eit band rundt handledet, som ein ser somme har.

Handaband var stadfesting på ein avtale mellom to partar. Det skriv seg frå ei tid då lite vart skrive. Det kunne også kallast ei handfesting. Det aktuelle ordet kom eg over i eit svært gammalt dokument, datert 1413. Der er det tale om sal eller overdraging av eigedom. I slike avtalar som enda med handaband, var det sjølvsagt viktig med vitne til stades.

Handaband var også brukt når representantar for to slekter møttest og det vart avtala ekteskap mellom  to som skulle bli ektefolk. Det var vel oftast foreldra som bestemte, ofte over hovudet til dei avtalen gjaldt. Slik sett er dette heilt avlegs i dag, i alle fall her til lands.

Ordet handaband skriv seg frå den norrøne tida i landet vårt. I dag har vi fått eit uttrykket «Handshake for Peace» i samband med viktige fotballkampar.

For meg er eit godt handtrykk viktig.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.