Spritduplikatoren
Lærarane luktar ikkje kopisprit lenger, og dei er heller ikkje blå på fingrane. Midt på 60-tal då eg starta som lærar, måtte vi bruke spritduplikator når vi skulle lage eigne undervisningsopplegg eller oppgåver til elevane. Då skreiv vi på eit kopisett, anten med handskrift, eller på ei skrivemaskin. På dette settet var det blåpapir på baksida. Arket med tekst vart så festa til rullen på ein spritduplikator . Ein tank med denaturisert sprit fukta kopiarket slik at det vart avtrykk. Så sveiva ein opp så mange eksemplar ein trong. Det heitte å stensilere. Ordet er no ute av bruk saman med spritduplikatoren.
Vi skulle ha ein vikar på lærarskulen. Det første han sa då han kom fram til kateteret og såg ned i flokken:»Er jeg blå i trynet?» Då ingen svara, tok han oppatt spørsmålet. Han måtte fortelje at han hadde vore og kopiert og trudde han hadde teke seg til andletet.
Eg kan endå hugse at elevane når dei fekk desse stensilkopiane, gjerne sniffa inn lukta. Det første året eg var lærar, var eg ein flittig brukar av desse stensilsetta. Rektor eller då kalla skulestyrar, kjøpte inn øskjer med slike, men eg forsynte meg så grådig at gamle Ødegård tykte det var eit noko stort forbruk av dette hjelpemiddelet. Han meinte nok at bruk av tavle og krit var meir økonomisk. Det vart fleire år for min del med spritstensilar. Dei første elektriske kopimaskinene var dårlege og det vart mykje plunder.
Spritduplikator teikna etter minnet. Trur at du kanskje må på eit antikvariat for å finne ein. Finst kanskje på skular framleis.

