Follabloggen

Velkommen til min blogg

Den blinde mannen ved Jerikovegen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 20. januar , 2015

Han sat ved vegen og lytta etter føter som trakka. Nokon skulle til Jerusalem, andre kom derifrå. Her sat han, snakka eller helst ropte til dei farande. Slik var det han bad om hjelp og kanskje fekk nokre slantar til å kjøpe mat for.

Vi kjenner ikkje namnet hans, han var ein av mange som trong hjelp. Her sat han og den dagen eit større følgje kom gåande på vegen. Det var både trakk og ymse lydar frå følgjet på vegen. Mannen vart svært forviten, lurte på kvifor det var så mange på vegen. Det vart brått liv i kroppen då han høyrde at Joshua var i følgjet. No vart det ei roping som overdøyvde alt anna: Så ille var det at folk prøvde å stagge mannen.

Då stogga Meisteren og bad dei leie mannen til han. Her var det ein som høyrde og såg.
Eit merkeleg spørsmål : – Kva vil du at eg skal gjere for deg? Lat meg få att synet! Mannen bad ikkje om ei allmisse, han bad om det han mangla mest av alt: Synet.

”Du skal bli sjåande. Trua di har frelst deg!”

Spør om mannen vart glad. Alle som var vitne til underet vart glade og prisa Gud.

Ein tanke slår meg: Kva var det han sa? Du skal bli sjåande. Som eit ekko frå Skapingssoga:
”Bli lys, og det blei lys”. Ein guddommeleg manifestasjon. Ikkje eit operativt inngrep, ingen laser. Han tala og det skjedde.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php