Abstinens

Er i ein slags abstinenstilstand i dag. Etter ei veke på jobb i hovudstaden, er eg heime i tosemda. Ekstra bra å arbeide der med eit hus som treng opp-pussing før innflyttinga. No tenkjer eg på dei som  må fullføre så mykje som råd er før store og mindre føter kan invadere huset komande måndag.

Eg vart vel litt avhengig av målingslukta. Men det er verre at eg no manglar eit svært meiningsfullt arbeid, ei tenesteyting som tener næraste slekta. Etterkvart fell ein nok til ro med dei daglege gjeremåla på heimefronten, men samstundes er tankane stendig attende i nr. 37. Skal tru om dei hugsar å lagre målingsrestane frostfritt til neste gong vi set kursen for  Nordberg?

 

 

1 kommentar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.