Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ingen retur

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 26. september , 2014

Det er for seint å angre når romraketten til Mars lettar i 2022. Mange har meldt seg på og vil vere med, men det er avgrensa kor mange det er plass til. Utveljingsprosessen har starta. Eg høyrde eit intervju med ein påmeld. Ein ung mann, sjølvsagt. Veit ikkje om eg misforstod, men eg oppfatta at han hadde kjærast. No vil han skytast til Mars, og han veit at han kjem ikkje attende til sin kjære. Det er ingen retur frå denne Mars-turen.

Eg har fått med meg ein kommentar frå ein skeptikar: » Dei som vil ta ut på denne turen bør snøggast råd ta kontakt med fastlegen sin.» Det er nærliggande å tenkje at alle påmelde umogleg kan ha tenkt igjennom konsekvensane . Kva så med den eller dei som er overtydd trass i alle innvendingar? Det er kanskje litt lettvint å seie at den som går med slike planar ikkje kan vere «rett navla». Dei som var med på første måneferda i 1969, visste at planen var at dei skulle kome attende til «Mother Earth». Det var likevel ein viss risiko for at dei tre romfararane ikkje kom attende. Ein større eller mindre risiko er det ved alle ekspedisjonar, men det marsfararane utset seg for er noko nytt. Det er nærliggande å samanlikne dei med med sjølvmordsbombarar.

No har eg ein mistanke om at mange av dei som har meldt seg på til turen, inst inne trur at det nok ikkje vert noko av reisa viss ikkje ein innan «take off» har funne ei returløysing.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php