Salt

Eg har lyst å fortelje om Salt. Det er eit sommarminne frå ei lang, lysande sandstrand i nord. Kom dit ut på dagen og  vod i fin badestrandsand. Nei, vi skulle ikkje bade, men sjå. Sjå på noko som som skal bli eit prosjekt. Ein diger og lang fiskehjell laga av enorme limtrebjelkar. Her skal det visstnok bli litt av kvart å bisne på og oppleve. «Installasjonen » skal etter ei tid flyttast vidare  til andre land. I  utgangspunktet ein «fiskehjell», men han skal fyllast med innhald. Eg tok opp film på Iphonen, men filmen får eg ikkje til å vise i bloggen. Det finst mykje om prosjektet på nettet og «Morgenbladet» hadde ein stor artikkel om «kunstverket» for stutt tid sidan.

Då eg gjekk der og kika på byggverket, høyrde eg ein gauk som gol oppe i lia ovanfor strandlina. Han hadde ei litt anna «dialekt» i kokoet sitt, og ein i reisefølgjet meinte at han gol ikkje heilt normalt. Kanskje den stakkars gauken hadde blitt litt forstyrra av dette framande byggeriet i Elias Blix sitt rike.

Sjølvsagt måtte eg gjere meg nokre tankar etter dette synet. Eg hadde lese i ei Bodøavis om prosjektet og at fylket hadde spytta inn godt over 200 000 kr.  Kan det vere rett bruk av ressusrsar? Lurer på kva Hamsun ville skrive om han såg det.

Men kvifor heiter det Salt?

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.