«Alle elsker Paasilinna»
Tenk at denne finnen har fått ei eller fleire av bøkene sine ut på 48 ulike språk. Sjølv har eg vorte hekta. Det starta med «Harens år». Bra bøker er slik at du ikkje kan legge dei frå deg før etter siste bladsida. Å lese eit kapittel på senga kvar kveld, fungerer ikkje når det gjeld Paasilinna. Var på ei badestrand no i veka. Då måtte eg ha med meg ei god bok. Det vart «Den ulande møllaren».
Når eg les bøkene til den galne finnen, er eg i hans verd. Personane vi møter er i utgangspunktet vanlege menneske, men påfunna, handlinga, og den lette drivande forteljestilen dreg ein med. Her er mykje urealistisk for ikkje å seie usannsynleg, men samstundes kan her vere skildringar som kan vere satiriske og tankevekkjande. Humoren er det viktigaste elementet og gjennomsyrer det meste.
Eg veit at finnen har skrive over 30 bøker, men at han no av helsemessige grunnar har måtte gje seg . Det er trist, men han vil likevel halde fram med å glede meg, bokhandlarar, og mange andre.
