Takk, Bill!
I dag slår eg eit slag for Bill Clinton. Han har stått på ein talarstol i Stockholm og tala varmt for eit småskala landbruk. Takk for hjelpa. sjølvom ho kom litt seint. Småbøndene er snart ei utdøydd rase. No skal alt vere stort, industrielt. Ja, er det ikkje det som er saka no i kongeriket. Bill har forstått at småbøndene lagar god og trygg mat, med lite gift. Veit ikkje om han tenkte på busetnaden på bygdene. Han veit vel ikkje så mykje om det, kanskje, her til lands. Tenk at han som kjem frå eit land der alt er så stort, der dei har kjempestore farmar, kan hyse slike tankar,
Kjem så hit til ei matmesse og talar varmt om småbøndene. Skal tru ho Sølvi frå småbruket på Ørskog, fekk det med seg. Kanskje ho kjem på nye tankar og får lyst å hjelpe desse som er små.
Då eg såg innslaget på Dagsrevyen i kveld, fekk eg lyst å sende ein sms til Bill og takke for hjelpa. Det kom eit aldri så lite håp inn i sjela mi om at utviklinga kan snu. Enn om det vert populært å bu på landsbygda igjen, få seg eit par kyr, 6 sauer, ein gris, og fem høner som spaukar ute på gardsplassen.
