Follabloggen

Velkommen til min blogg

På vegen i Etiopia III

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - lørdag 19. oktober , 2013

Etiopiaturen 038

Det er etterkvart god vegstandard på mange strekningar. Her ser vi eit døme på at vegen er for alle. Mange brukar hesteskyss. Hestane vert brukte til ridedyr eller vert spente for ei kjerre. Når hesten vert gammal, set eigaren frå seg hesten ein eller annan stad. Dei brukar ikkje kjøtet, så når øyken ikkje kan brukast meir, vert han overlaten til seg sjølv, og til slutt er det gribbane som får seg eit måltid.

Etiopiaturen 041

Her er det høgt til fjells, ca 3600m.o.h og dyr var det alle stader, hestar, esel, geiter. Den som køyrer bil må vere årvaken. Skulle ein vere så uheldig å køyre på eit dyr,  vil ein kunne få eigaren på nakken, og då vert det gjerne ein lang stogg. Sjåføren vår, Solomon, var svært dyktig, men av og til var vi farleg nær både folk og dyr i vegen. Det var mykje bruk av fløyta.

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    oktober 19, 2013 @ 12:07

    Flotte biletet, spesielt det første.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php