På vegen i Etiopia I
Eit trufast esel vandrar med si last. Vi såg mange slike transportørar. Dei gjekk langs vegen og på vegen. Det såg ut som dei var programmerte. Ofte var det ingen å sjå korkje framfor dyret eller bak.
Her er det ein person som følgjer . Esla fraktar ved. Brensel er naudsynt til matlaging. Hos oss er veden til oppvarming, men det trengst ikkje i Afrika. Mykje tid går med til å sanke ved.


