Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kva luktar det?

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - onsdag 25. september , 2013

Snart skal eg få stadfesta eller kanskje avkrefta mine tankar om eit stor land i Afrika. Det er ofte slik at ein må endre litt på tankesettet når ein får sjølvsyn. Eg veit der er stor fattigdom og mesta halve folket er analfabetar.

No filosoferer eg over kva lukter ein møter. Eg vil ikkje skryte av denne sansen slik i kvardagslaget. Då er ho eg lever i lag med mykje naskare for ho luktar støv også. Når eg kjem heim att, skal eg skrive litt om inntrykka mine, luktinntrykka også. Synsinntrykka er greiast å ta vare på, med eit kamera. Viktigast her er det vel å passe på at ikkje nokon knabbar det frå meg. Høyrselsprøve kan ein også få med seg ved å ta opp videosnuttar.

Landet har tynn luft, den største byen ligg på høgde med Galdhøpiggen så det er mogleg å få med seg litt høgdetrening dei knappe 14 dagane vi skal vere der.

Du synest kanskje ikkje det er så spennande dette med lukt eller ange, men tenk deg at du kjem til eit nytt land og har mist luktesansen etter den lange flyturen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

2 Comments »

  1. Idunn Said,

    september 28, 2013 @ 22:09

    Blir det ikkje reiseblogg undervegs ?

  2. Harald Said,

    september 29, 2013 @ 11:48

    Internetttrafikk frå mobilen vert for dyrt og dessutan er det nok ikkje så god tilgang. Det er sikkert råd å sende frå hotella og betale for internettbruk, men dette veit eg ikkje enno.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php