Follabloggen

Velkommen til min blogg

Alderdomsteikn

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 24. september , 2013

Eitt av teikna på at eg held på å bli oldis, er at språket held på å forandre seg. Eg vert stendig oftare nøydd til å korrigere forståing av ord og uttrykk.

To dømer: Ordet framsnakking er eit ord som tyder det motsette av baksnakking. No er det viktig å framsnakke folk, og det er i og for seg positivt. Det er berre det at eg levande hugsar at det var negativt når folk var «framsnakkande». Då sa ein gjerne ting utan å tenkje etter kva verknad orda kunne få. Det andre er spørsmålet: «Kven trur du at du er?» Viss nokon gav seg ut for å vere noko til kar eller kvinnfolk, så kunne ein få slengt det etter seg. Eit jantelovspørsmål, altså! No er dette eit heilt ærleg spørsmål som kom opp i samband med ættegransking på TV.

Kanskje eg skal få lov til å ha fleire tankar i hovudet samstundes, ja at det beint fram kan vere sunt. Viss eg greier å tenkje alternativt når det gjeld ord og uttrykk, så er det vel eit teikn på at seniliteten ikkje er på veg. Ambiguity er eit framandord som tyder noko fleirtydig eller vagt.

Viss eg derimot skulle finne på å lage ei privat forståing av omgrep; då er det fare på ferde.

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php