Follabloggen

Velkommen til min blogg

Stille

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - tirsdag 11. desember , 2012

Det vart så stilt. Ute er det stilt, ikkje ein pust i dei smått snøkledde sprikande greinene utanfor veggene. Det er» ingenting så stille som sne», heiter det i eit dikt. Lat det vere slik og gjerne resten av året. Kaldt har det vore. No er det leveleg å kome ut for ei dør igjen utan å ta på varmedressen. Eg vart berre så forkjøla for fem dagar sidan, i Oslo. Det var nok ein virus som fann vegen til luftvegane mine. For å gjere det litt mindre stilt i huset, så hostar eg. Radioen står sjølvsagt på. men eg høyrer ikkje etter. Har kome til at der er så mykje vrøvl. Eg likar godt å ha noko å le av, men  aktørane får meg ikkje alltid til å le. Så skal det lagast tøys av mesta alt. Då er det ikkje moro lenger.

Eg ser ikkje ein einaste fugl. «Nei, kva skal fuglane her?» spør kona, dei finn då ikkje mat? Får kjøpe ein sekk med fuglemat og legge ut. Har forresten ikkje fuglebrett lenger. Det var vel ikkje Dagmar som tok det? Må finne på noko lurt så ikkje katten tek fuglane om dei skulle dukke opp. Katten ja, han har vorte så masete etter at vi kom heim frå Tigerstaden. Han vil visst ha same maten som oss. Luktar han fisk, er det ikkje fred å få. Er eg så uheldig at eg legg frå meg ein bolle med salami, så er han der  ein augneblink eg ser ein annan veg. Der for pålegget.

Snart er det jul. Berre ti dagar til dei første gjestane kjem. I mellomtida får eg bruke tida til djupe tankar.

 

2 Comments »

  1. idunn Said,

    desember 11, 2012 @ 22:08

    …og så kan du drikke ingefær-te :) klem

  2. Harald Said,

    desember 11, 2012 @ 22:27

    Det er sant. Må bli i morgon. I kveld har eg drukke honningvatn :-)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php