Vinterhonning
Det glapp ut av meg der eg stod framfor kassa med honning: «Har de vinterhonning?» «Her er lynghonning,» var svaret. Det var eit idiotisk spørsmål, men han som selde honning på julemessa, let seg ikkje merke med det. Av og til er eg i ettertid glad for å vere ein ukjend, ein som berre stikk innom. Kjensla eg sit att med er ikkje berre eit deja vu, det er verkeleg nok. Dei som berre kan flire og vere ferdig med sine dumme utspel, har det godt.
Eg veit at biene er ei truga art, men det skortar enno ikkje på dette søte og helsesame produktet. Kjem den dagen at biene er borte, er det det ikkje berre honningen som forsvinn. Honning produsert om vinteren får vi nok aldri oppleve, men honning på frukostbordet er viktig om vinteren – og elles.

Idunn Said,
november 11, 2012 @ 15:37
No har du honning for vinteren = vinterhonning :D
Harald Said,
november 11, 2012 @ 23:30
Ja, eitt kilo varer vel i alle falltil jul :-)