Follabloggen

Velkommen til min blogg

Eg og dyr

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 2. november , 2012

Kva er mine relasjonar til dyr? Kvifor måtte eg tenkje på det no?  Kan eg tenkje meg å bli hundeeigar? Svaret er nei. Faktisk vert eg usikker når det er hundar i nærleiken, nesten redd. Det er greitt med ein katt, i alle fall den vi har no. Framande kattar har eg eit anstrengt forhold til. Kjem det ein inn på tunet, vert han jaga. Kom deg vekk! Du har ingen ting her å gjere!

Kyra var eit viktig dyr i min oppvekst, men eg lika dårleg å stelle med krøter. Dei hadde sine luner. Eg lika merra bertre. Det var merr, ikkje hest, korkje heime eller når eg var dreng på Folla. Sauen var grei nok, eit fredeleg dyr når han var inne i fjøset, men når saueflokken skulle hentast på fjellet, vart det meir styr.

Ein gong vart eg verkeleg fascinert av ein flokk store harar, eller jasar. Dei kom inn på tunet. Bakken var så grøn. Det måtte vere på førsommaren. Eg har sidan berre sett ein hare i gongen.

Eg snakkar av og til med katten. Då svarar han på sin måte. Vi er sjeldan heimanfrå meir enn ei veke i gongen. Eg er alltid spent når eg kjem heim. Vil Marinne dukke opp igjen?

Den førre katten her på garden fann vi att i bossdunken då vi kom frå ein tur. Ein kvan hadde køyrt på han og fann det best å «løyne» ugjerninga. Eg var litt lei meg sjølv om denne katten hadde vore inne på soverommet og bløytt dyna mi.

Det fall ikkje naturleg å seie noko om hjorten i denne bloggen.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php