Follabloggen

Velkommen til min blogg

Brølejakt

Kategori: Ukategorisert | 4 kommentarer » - onsdag 31. oktober , 2012

Eg har alltid trudd at når ein skal ut på jakt, så må ein gå varsamt, vere still, ikkje synge og rope, passe på å gå mot vinden.

Det gjeld ikkje når det er brølejakt. Då gjeld det å etterlikne hjorten sine brunstbrøl, leike hjortebukk. Ein mann her i bygda var kjend for å meistre brøla til hjorten. Det gjorde han så godt at bukken kom mot jegeren. Her var det ein konkurrent som skulle takast. Den modige skodespelaren visste ikkje anna råd for å berge seg enn å klive opp i eit tre. Der vart han sitjande til hjorten stakk av. Han var nok still, mannen, då han sat oppe i treet. Soga fortel ikkje om han fekk med seg børsa opp i treet.

No ser eg at det vert arrangert kurs i brølejakt ein stad i landet. Veit ikkje om det vert gjort opptak av desse kurskveldane for det kunne vere moro å høyre på.

No er det stilt om natta, men seint i september og første netene i oktober kunne eg vakne og bli liggande og høyre på brølinga. Eg var freista å gå ut på altanen og rope eitt eller anna så han for og ikkje kom att meir.

4 Comments »

  1. Idunn Said,

    november 1, 2012 @ 18:28

    Reknar med at var hjorten du ville…;)

  2. Harald Said,

    november 1, 2012 @ 18:58

    Eg har eit ambivalent forhold til hjorten. Eg ville ikkje lage brøl som lokka hjorten til meg, men jage han vekk. Hjort er greitt når han er komen i frysaren, men eg ville aldri skyte han sjølv.

  3. Idunn Said,

    november 2, 2012 @ 21:41

    Reknar med det var hjorten du ville JAGE, skulle det sjølvsagt stå :)

  4. Harald Said,

    november 2, 2012 @ 23:54

    Trudde det var sjølvsagt, men eg ser i ettertid at det kunne vere ein imitator som dreiv og lokka til seg hjorten. Den varianten er i så fall endå betre. Dei som jaktar he,r driv ikkje jakt på den måten, men eg ler ved tanken….

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php