Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ei tid var II

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 27. oktober , 2012

Det har gått eit halvt hundreår sidan denne dagen. Eg hugsar ingenting av innhaldet. Det er tvillaust eg som står med ryggen mot fotografen og pakkar sykkelen. Tante Marta står ved sida og seier etter eller anna. Eg veit kven som har teke biletet. Det må vere ei anna tante, Oddlaug, med kassa-apparatet.

I dag sit eg og undrast, eg må reflektere over det eg ser. Vedahuset eg har arbeidd med og fått torvtak på. Det ser annleis ut i dag, og det heng ikkje mjølkespanner på veggane. Det må vere seint på sommaren for det er mest ikkje snø i Nipa. Sola står i vest; ettermiddag. Eg reknar med at Follatausene har servert eit godt måltid mat slik dei brukte. Snart skal eg sykle heimatt.

Det er framleis gardsdrift her. Mjølkevogna står på tunet. Nærare fotografen var ein brunn der spannene stod til avkjøling. Gardsvegen var ikkje god nok til at bil kunne hente spannene. Dei måtte trillast med denne vogna til bygdevegen.

Tidlegare var det ei dør på vedahuset, mot våningshuset. På innsida av døra var det måla ein stor kross. Eg tetta igjen dørholet då eg skifte bordkledning på uthuset.Det vart for mange kakkar i hovudet.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php