Briller
Eg har visst vore innom temaet før. No vart det meir aktuelt å tale om briller. Nei, eg tenkjer ikkje på eit underhaldningsprogram på TV, men på eigne briller. Saka er at eg no seriøst vurderer å kontakte ein klarsynt. Lesebrillerne mine som er relativt nye og fullt brukbare, er søkk borte. Eg finn ikkje fleire stader å leite. I gamle dagar brukte folk å kontakte ei synsk dame i Sykkylven, men eg er for seint ute der. Snåsakallen har pensjonert seg, så det er smått med idear om kven eg kan kontakte.
No trur du kanskje eg går rundt og famlar? Nei, eg har gangsynet og skal eg sjå på avstand, har eg briller til det. Det er om kvelden det vert vanskeleg. Lese på senga kan eg berre gløyme. Las forresten ei bok i relativt dårleg lys då eg var på hytta i Hurdal. Det er ei av dei beste eg har lese. Tenk at eg skulle bli nærare 70 før eg las» Danny og den store fasanjakten». Kan hugse at Saurebesta også dreiv og las barnebøker. Mine.
I dag er det innever og høveleg til brilleleiting. Kan ikkje søkje gjennom bilen i dag for han er i Volda. Eg kan no gå husamåt i eigen heim, setje meg i lotusstilling midt på golvet og meditere over saka.
Eg kjøper ikkje nye, for då finn eg dei berre att dei eg saknar.
