Follabloggen

Velkommen til min blogg

Madame Butterfly

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - søndag 7. oktober , 2012

Musikken til operaen Madame Butterfly skal vere av det vakraste som er laga i denne sjangeren. No har eg opplevd operaen og eg synest det meste eg no høyrer av musikk er inkjevetta. Kanskje eg skal laste ned nokre arier og duettar på Ipoden? Nei, du må oppleve det live som det heiter. Det er ikkje det same å få musikken via ein cd, eller ved å sjå og høyre opera  på tv. Når du er i konsertsalen er du ikkje berre tilhøyrar, du er nesten med på alt som skjer. I alle fall får du gje respons, og du er saman med alle i det store rommet om ei sanseoppleving som mest ikkje kan skildrast med ord.

Eg vart riven med av songprestasjonane. Operaen har ei handling, men den er for meg underordna. Ein går ikkje på ei operaførestelling for å oppleve eller høyre ei historie. Det er musikken som tel.

Tenk å kunne køyre til Eid og oppleve noko slikt! Det tek 45 minutt å køyre dit. Her ligg eit operahus, i ein landsby i Nordfjord. Du kan oppleve det same her som i Bjørvika.

Eg må legge til at vi fekk billettane i julegåve av borna sist jul, og vi har gått og gledd oss snart eit år. Vi vart ikkje skuffa!

 

1 kommentar »

  1. Håvard Said,

    oktober 8, 2012 @ 08:33

    Kjekt å høyre!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php