Follabloggen

Velkommen til min blogg

Tankespinn

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 29. august , 2012

Det er straks 50 år sidan eg tok til på den utdanninga som skulle bli mitt yrke her i livet.  Mykje har endra seg i bygdebyen sidan 1962. Eg har også endra meg. Etter dei 4 åra i Volda, vart det eitt år i skulen før eg reiste i millitæret. Her ein dag vart eg konfrontert med noko eg skreiv på haustparten i -67. Eg skreiv nokre småtekster som kom på prent i den regionale avisa. I dag lurer eg på kva som «herja» meg. Her er teksta som set meg i undring i dag. Det er eit slag prosadikt, og det er nok skrive på brakka og ikkje i knappeteltet. Eg forstår ikkje i dag kva slags beist eg filmar om, og det same kan det vere.

Isroser

Bodin leir,2.11.67

 

Månen er oppe, det ser ut til å bli ein god dag.Kvitbleik gløsande ned mot olderkrattet varmar han nakken til ein halvt stivfrosen soldat.

Det gniksar i greinene, eim av pulverkaffi stryk langs åsryggen. Bak jorda hakkar ein satellitt seg fram i rømda.

Fienden var her i stad, borte no. Kaldt enno i romet. Tankar leitar seg fram til kva som er det aller beste. Eit digert kvelebeist sender lange armar søkjnde mot snøen. Reiser du til Vietnam nokon gong, skal det helsast frå ein kald måne som har sett nordlyset.

Nedover denne åssida er det mange hinder, glatte renner som munnar ut i ingenting.

Bak jorda er det mange tankar du aldri vil bli frosen i. No skal vi puste, lenge sidan i går. Men kjenner uniforma det saltrame språket, telegrafert av metalltunger, oppteke på følsomt tape, rita inn i stål, klapra kjenslelaust gjennom audt land, så er hjarta enno nede i snøen.

Det var måne i natt og, satellittar synlege, is var det i det du kjende, beiske lukta av beistet prøvde å kvele dei tankane du sat i. Enno raslar det i buskene.

Grå er lagnaden for ein soldat i felt.

Harald

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php