Marie
Eg må no berre erkjenne at førre blogg var eit mistak. Sommaren var ikkje slutt likevel. Eg gjorde meg skuldig i ei forhasta slutning. Bloggen var ei slags kortslutning. Lat det gamle vere gløymt. Det var Bergensturen eg skulle skrive om og om Marie, den nye verdsborgaren. Ho er eit vedunder, like stort som alle barneborna eg har møtt. No har det gått halvanna veke, og eg lurer på om ho har endra seg mykje.Slike er det når det går vekesvis mellom kvar gong ein ser eit lite barn. Liknar ho like mykje på eigne born då dei var så små? Det gjer sjølvsagt ikkje noko om ho neste gong eg ser henne, liknar meir på faren enn på mora. Som alle små lyt Marie også gråte litt når ho kjenner på svolt eller mageknip. Det var så gildt å kunne løfte henne opp og bere henne rundt i stova. Då kvilte ho hovudet mot aksla mi og roa seg, i alle fall litt. Det er forunderleg at ein kan kjenne den same lukka ved å bere eit barnebarn, som eit eige barn.
I dag tenkjer eg at det vil vere bra om det kjem til verda eit nytt barn, rett ofte. Då gjer det ikkje noko om sommaren er grå.

Birgit Said,
august 24, 2012 @ 10:51
Det var fint og vart.