Follabloggen

Velkommen til min blogg

Sommaren er over

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - torsdag 2. august , 2012

«No trur eg pessimisten har sigra over optimisten.» Det eg såg fram til heilt sidan august i fjor, slo ikkje til. Det vart ikkje sommar i år heller. Nesten ikkje ein heil sommardag utan at det måtte drype frå skyene eller hange grå gardiner ned i fjella. Råka ein Olav i Volda i går. Han var i strålande humør og kunne ikkje forstå alle som klagar over mangelen på sommarver «Ja, sa eg,» i dag er det god kleterre!» Komen heim, datt det nokre dropar frå skyene igjen.

Kva sit att etter førsommar og høgsommar? Boka eg kjøpte på sal i Oslo i juni, ligg på botnen av papirdunken. Streva meg gjennom 630 sider amerkansk elendigheit og grovisprat. Slikt gjev kritikarane 5 og 6 i terningkast. Eg skulle ha kasta boka etter fem sider. Sommaren kunne eg ikkje kaste, men eg har ei kjensle av at venting på godever var like fånyttes som at boka til denne Irving skulle bli leseverdig.

Sommaren vart god likevel, sjølv om solskinet vart eit eit slag fata morgana. To fisketurar. Stongfiske frå land rett nok. Mest positivt vart det som kunne bli ei tragedie. Det gjekk godt med bror som fekk sluken hekta inn i augehola. Eg tykkjer det var to mirakel. Først at sluken spratt opp i auga etter at ein småsei vel var hekta av, og at sluken ikkje skada augeeplet meir enn ei ripe som snøgt vart lækt.

Gjennom mange år har kjensla av at sommaren er slutt, kome den dagen feriegjestane i Gamlehuset vende nasen mot sør. Slik vart det i år og.

Eg har ei anna sommarhending og, men den får du høyre om i neste blogg.

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    august 2, 2012 @ 13:24

    Kjekt at blogge-ferien er over. No gler eg meg til neste feire-blogg!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php