Follabloggen

Velkommen til min blogg

Måten er beste låten

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - fredag 29. juni , 2012

I den ofte omsnakka agurktida diskar avisene opp med velkjende problemstillingar. Sidan det no synest å vere slått fast ein gong for alle at kaffi er sunt, er det spørsmål om når det vert for lite kaffi innabords, og når det vert for mykje.

Overdriven kaffidrikking er visst skadeleg for blodpumpa, medan moderat inntak lengjer livet. Dersom du både røykjer og drikk vert det pluss og minus, og i følgje matematikken kan det då bli status quo, men så enkelt er det ikkje.

Så må vi ikkje gløyme at vi er svært så ulike. Ja, vi er såpass ulike at ein del individ ikkje toler kaffi. Dei som reagerer negativt på kaffi, drikk då kanskje te. No er det visst same gifta i te og kaffi, men grøn te skil seg visst positivt ut som sunt.

Eg lurer på kva verknad kaffien har på meg. Viss det er ein dag eg ikkje får morgonkaffien, dukkar det opp litt hovudverk. Abstinens! Kort tid etter at eg har skylt ned ein kopp kaffi, berre må eg på do, eller kome meg attom nova. Kaffi er vassdrivande seier dei lærde. Eg vert ikkje spesielt snakkesalig etter ein kaffikopp, men er du i ei forsamling vert støynivået ekstra høgt når folk har fått seg kaffi. Nei, ingen vert rusa av kaffi, men kanskje litt «oppstemte».

Somme kan ikkje drikke kaffi etter at klokka er åtte (om kvelden), men dette er ein uhyre diskutabel regel.

Godt at vi har slike ufarlege emne. «Ali kaffi kurerer gruff!» Det  er dei som meiner at denne kaffisorten ikkje er drikkande. Borna mine som er vaksne og passert tredve, meiner at Coop heller ikkje er drikkande. For å kome dei litt i møte, serverer eg difor Friele eller eit anna merke med godt ry. Sist påske var det ikkje godt nok med traktekaffi heller, så då var det nokon som hadde med seg kaffimaskin, og då var det kapslar som gjaldt. Snakk om!

For mykje og for lite skjemmer allting ut, eller som det står i overskrifta.

No vert det ein kaffikopp og litt attåt før nyheitene.

 

2 Comments »

  1. Birgit Said,

    juni 30, 2012 @ 07:57

    Fekk nesten lyst på kaffi igjen no ;)

  2. Håvard Said,

    juni 30, 2012 @ 13:25

    God kaffireklame og artig skrive! Du nemnte ingenting om at nokre (les trønderar) av og til blandar i noko sterkt. Det gir vel ein viss rus?:)

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php