Follabloggen

Velkommen til min blogg

Klakken

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - fredag 13. april , 2012

Har du ein Clack på kjøkenet. Her i huset finn du han der. Det er eit hjelpemiddel til å få toppen av egget. Til alle tider har menneska brukt eit velretta slag med egga på ein bordkniv til å få av toppen så teskeia kan kome til.

Kona hadde kjøpt ein ekstra som ho hadde på lur, fint innpakka. Pakken kom fram ved frukostbordet ein morgon. Det skulle vere ei gåve på bryllaupsdagen til Idunn og Egil. Før utpakkinga vart det spekulert på kva det kunne vere, ein stav, ei stang – ein stokk? Så såg alle det , og seksåringen hadde klart kva det var: Ein eggestokk!

Etterpå fekk alle ei kort forklaring på kvifor det vart lått ved bordet.

1 kommentar »

  1. Idunn Said,

    april 13, 2012 @ 21:24

    :-D

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php