Follabloggen

Velkommen til min blogg

Vinter igjen

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - torsdag 29. mars , 2012

No har yr fortalt om påfyll av snø. Kvitekaren kryp nedover liene, og eg har funne fram stillongsen igjen. I går for her ein gul bil som sanka inn brøytestikkene så det vert vel ein kort vinter. Vi får besøk av sju barneborn i påska, så eg må vel hente akebretta nedatt frå garasjebetane. No ja, det er no ikkje meir sama, men sparken skal ikkje takast fram att, og heller ikkje rattkjelken. Idunn har ikkje tenkt at dei skal ta med ski denne gongen, men då fortalde eg henne at det kjem ny vinter hit så det må vurderast att.

Veret får no bli som det vil, men eg hadde skumle planar om å sysselsetje to svigersøner og ein son med å legge trod og papp på vedskjulet, men det ser smått ut. Det vert vel mest kos, vil eg tru. Eg får vone i det lengste at yr fer med aprilsnarr, men teikna tyder på at det vert eit pjaskje påskever.

 

1 kommentar »

  1. ehili Said,

    mars 30, 2012 @ 16:28

    7 barneborn – for ein rikdom!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php