Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ny inspirasjon

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - onsdag 28. mars , 2012

Eg har gått siste dagane og ruga over manglande inspirasjon. Det var ei tid ideane kom med morgonljoset, eller dukka opp ut over dagane. Skal du skrive, må du ha noke å skrive om, men det heldt på å bli tørke i tankeverda.

I dag kom eit brev. Det var med undring eg opna det. Avsendaren har ikkje vore trygg på adressa mi og difor skrive lærar i parentes. Inni brevet var det ei helsing til meg frå ein tidlegare elev. Innhaldet gjorde at eg kjende at ikkje alt eg har gjort i mi lærartid var til fånyttes! Ekstra gildt var det deretter å lese eit kåseri ho hadde skrive. Velskriven tekst med gode poeng. Det syner seg at ho no er lærar på den skulen der eg starta mi lærargjerning. Eg gløymer aldri dei første elevane mine, og slett ikkje ho som neia då ho sykla forbi meg på vegen.

No ynskjer eg sjølvsagt at du som varma hjarte mitt denne  ruskeversdagen, les bloggane mine. Eg ville også setje pris på å lese fleire av tekstar av deg.

3 Comments »

  1. Idunn Said,

    mars 28, 2012 @ 17:39

    Rett og slett rørande.

  2. ehili Said,

    mars 28, 2012 @ 18:38

    Ikkje berre du som vart overraska og varm om hjartet i dag – det vart jammen eg òg då det tikka inn ei tekstmelding i matfriminuttet ☺ No, etter middag ,sette eg meg godt til rette fram for peisen og opna spent bloggen din. Det var så koseleg og kjekt å lese at eg gløymde å ete sjokoladebiten til kaffien!
    Men du, eg synest ikkje at du skal vere så sparsam med klapp til han Pus. Den likna forresten svært på pelsdyret vårt som også heiter Pus. Han kjem like frå Sibir og er allergi-venleg. Vår må ikkje ut om natta og har i grunn alle rettar i heimen – til og med nystolen som han slett ikkje var tiltenkt…

  3. Harald Petter Said,

    mars 28, 2012 @ 19:11

    Brevet er verkeleg rørande og kåseriet er det klasse over. Eg maktar ikkje å skrive så levande som ho gjer.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php