Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ein likandes kar

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - mandag 5. mars , 2012

Kva kvalifiserer for merkelappen: Likandes kar? Eg lèt objektive kriterier ligge .

Eg synest det er bra viss personen får sving på tankane mine, positivt. Kanskje eg lærer noko av han. Noko eg burde visst frå før. Han eg tenkjer på, kom på besøk i dag. Eg tolte å bli sett litt til veggs av han. Eg avsløra at eg var uvitande om den store jettegryta på Straumshamn. Den hadde han full peiling på og tykte nok eg var  lite orientert. No drog vi på ein tur til Viddal og stoppa på Bjørke og såg på jettegryta utanfor   inngangen til kraftstasjonen. Mannen meinte at den på Straumshamn er mykje større, men litt imponert var han. Det som slo meg fleire gonger under besøket, var kunnskapane hans innan geografi, men det synte seg også at han har ei stor kontaktflate, kjenner mange personar og har eigne meiningar.

No tenkjer du kanskje at dette må vere ein ufordrageleg fyr. Ein som briljerer med alt han veit og gjerne får andre til kjenne seg dumme. Eg treng litt tid for å finne ut kvifor han ikkje er slik, men nokre moment, ligg klart. Stikkord er humor, sjølvironi og jovialitet.

Denne personen er nokså ulik meg. Han likar å vere ute i snøen. Han er i sitt ess når han fer inn i fjella og måler snødjupne. Han gjer det sjølvsagt i embets medfør, men likevel. Det er kanskje noko med at vi kan bli fascinerte av dei som er ein slags motpol.

No ser eg ikkje denne karen så ofte. Han er kamerat til ein svoger, og det var slik vi møttest denne gongen som elles: Han kom i lag med svogeren. Ein gong var vi saman som tilskodarar på eit skirenn inn i Markane. Eg er sikker på at han ausa av kunnskapsbrønnen sin då og, men det har eg gløymt.

Eg trur vi er like på eitt punkt: Interesse for å lære noko nytt. Litt nyfikne, kanskje. Trur likevel at han les fleire nettaviser dagleg enn eg, ålesundaren.

 

2 Comments »

  1. Håvard Kalvatn Said,

    mars 8, 2012 @ 07:39

    Han vert sikkert gla viss han kjem over bloggen din;)

  2. Harald Said,

    mars 8, 2012 @ 08:41

    Det kan vere han hadde vorte glad. Men ein veit aldri. Kanskje han vil oppfatte det velmeinte som sarkasmer. Då er skribenten ille ute.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php