Follabloggen

Velkommen til min blogg

Pus

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - søndag 12. februar , 2012

Katten vår er ingen ungdom lenger, men her ein dag fann han ut at han skulle hoppe opp på stolryggen. Her vart han liggande ei heil stund og lurte nok på kvifor eg viste interesse for dette påfunnet. Han vert kalla Pus til dagleg, eit ord han finn meining i, men namnet er Marianne.

Kvar natt må han ut. Er det skikkeleg kaldt og det blæs sure vindar, vil han helst vere inne, men ut må han. Garasjen er nattelosjiet hans, og der legg vi også ut mat på ei skål. Kva morgon kjem han og vil inn. Somme morgnar vil han straks ut igjen. Då skjønar eg  det er tomt på matfatet.

Pus er skogkatt og likar å jakte. Småfuglar er det beste han veit, og han er ram til å slå kloa i dei søte små. Fjørrestane ligg att på dørmatta ved inngangsdøra. Der ligg det gjerne innvollsrestar av andre dyr han har meska seg med.

Eg trur katten vår er omlag femten år. Han har hatt mange kull, men det vart til at vi tok han med til veterinæren og fekk stogga produksjonen. Siste åra har han hatt eit roleg liv. Hannkattane har slutta å kome til gards.

Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje kan kallast kattavenn, men eg synest det er greitt å ha ein katt i huset. Det er svært sjeldan eg klappar han, og når det kjem framande inn dørene, kjem katten ganske fort for å gjere seg kjend med dei, og får han stryk over pelsen er det stor stas. Det hender vi må skysse han ut, for han vert gjerne så nærsøkjen at det vert travelt.

2 Comments »

  1. helena Said,

    februar 20, 2012 @ 20:02

    Hvorfor skriver du han om katten når det er en hunnkatt?
    Men bildet var morsomt. :)
    Bra hun ikke falt ned da, eller gjorde hun det? :)

  2. Harald Petter Said,

    februar 20, 2012 @ 20:45

    Katt er hannkjønnsord, så det er ingen dum kommentar. Trur at du er flink i norsk. Pus er også hannkjønn, forresten .Katten hoppa ned frå stolryggen.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php