Follabloggen

Velkommen til min blogg

Juletre

Kategori: Ukategorisert | 6 kommentarer » - fredag 9. desember , 2011

Kan eit bladlaust lauvtre vere juletre? Kan ei syrinbuske utstyrast med lyslekkje? Må det vere gran eller fure for å kallast juletre? Når du bur i ein oase i øydemarka der det berre finst palmer, må ein vel kunne klatre opp med lys og ta med ei kokosnøtt eller to på veg ned att.

Han Folla-Andreas brukte alltid eine.  Burde ta oppatt tradisjonen. Eine luktar så godt. Vansken er å finne eine som er høveleg beinvaksen. No vart det snø, og det vert vanskeleg å kome attende frå juletrehogst med eit fint tre. Finn eg ei fin fure, lyt ho få stå. Her er så få av dei. Vert nok gran i år og.

Folk har vorte så fine på det. Treet som skal stå i stova, må vere beint, Helst må det visst også vere edelgran. Folk betalar fleire hundre for ei pen og symmetrisk gran. Eg rekna på kor mykje eg har «tent» på å hogge det i eigen skog , og kom til at i år vil eg kjøpe ei dyr gåve til kona.

I morgon skal vi henge lyslekkje på syrinbuska som står nedanfor huset. Så skal eg vade meg opp i skogen og riste snø av alle tre med høveleg storleik. Så får vi sjå!

6 Comments »

  1. Margunn Said,

    desember 10, 2011 @ 07:40

    Skulle gjerne hatt ei lita krokete fure eller ei skabbete gran framfor eit plastjuletre frå butikken. Enkelte her nede likar å «pynte» til jul med fiberoptiske juletre, oppblåsbare julenissar osv. Det siste på julepyntfronten er skumgummihorn og raud Rudolf nase som ein kan dekorere bilen med…………….eg saknar lukta av skog i huset.

  2. Harald Petter Said,

    desember 10, 2011 @ 08:29

    Plastjuletre kjem ikkje på tale:-) Eg trur det kan bli ei kjekke jul utan tre i stova, men det er rart med tradisjonar og stemning.

  3. Harald Petter Said,

    desember 10, 2011 @ 08:35

    Kva seier Hanna? Tippar at ho vil sakne eit skikkeleg juletre :-) God adventstid!

  4. Idunn Said,

    desember 11, 2011 @ 21:37

    Vart ikkje juletreplukking på oss denne helga. Vi var for travelt opptatt med peparkakene. De skal få ein smak på Folla óg. Eg visste ikkje at det blei SÅ mykje arbeid og kaker av dobbel porsjon! Ei erfaring rikare. Neste helg blir det jakt på ei slank og lang gran;)

  5. Harald Petter Said,

    desember 11, 2011 @ 22:09

    I går fekk eg på plass utetre. Henta heim eit inne-tre også:-) Det vart altså ikkje lyslekkje i syrinbuska.

  6. Margunn Said,

    desember 18, 2011 @ 03:28

    Trur ikkje Hanna er oppteken av kor naturleg treet er, berre det har mykje rosa glitter og helst blinkande lys, nettopp difor har ho eit lite tre paa rommet sitt.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php