Ved ein skiljeveg?
Det er i desse dagar eitt år sidan eg starta blogginga. Ein blogg kan handle om alt og ingenting, og det har også mine bloggar gjort. Eg kjenner at eg har vorte meir kritisk etter kvart. Ein bør ikkje vere redd for å vise kva ein tenkjer, men samstundes er det alltid ein fare for at ein kan skrive noko som kan støyte eller vere til skade. Det er nokså ufarleg å skrive om gamle dagar, men det er mange hendingar i fortida som ein vel kunne ha skrive om, men der er grenser eg ikkje vil trakke over.
Eg er ved ein skiljeveg. Det kjem nok fleire Follabloggar, men eg kjenner at det må ei fornying til av det såkalla konseptet. Det var vel fint sagt?
Då eg fekk den nye bibelomsetjinga i hendene, starta eg på 1. Mosebok. No er eg komen til stamfaren Jakob, han som fekk tilnamnet Israel. Det er rart at ei fornying av språket kan gjere så mykje. Så langt er det eitt menneske som ruvar; Abraham. Han hadde også sine feil, men han er skildra som ein heilstøypt karakter, ein med tru. Eg tenkjer berre på det tilhøvet han hadde til Lot, brorsonen. Det er teologar som er i tvil om Abraham har levd. Det er nok for meg at Abraham er rekna med og nemnd av fleire forfattarar ut gjennom Bibelen. Jesus nemner han i samband med den fattige Lasarus, og forfattaren av Hebrearbrevet nemner han som ein av trusheltane.
Det vert kanhende ein bibelblogg innimellom……

Idunn Said,
november 2, 2011 @ 21:25
Treng ikkje å bli så veldig skiljeveg, vel? Eg likar variasjonen i bloggane dine; språk, daglegliv, vér og vind, «gamle dagar», vittigheiter osv osv :)
Harald Petter Said,
november 2, 2011 @ 22:33
Litt fornying ville gjort seg, men skiljeveg er nok å ta litt i :-)