Fineveret må brukast til noko
Ja, er det ikkje rart? Når det endeleg vert fint ver, så tenkjer eg straks: Dette må nyttast på beste måte. I dag var det i nærleiken av 14+ på det meste. Då kunne eg ikkje gå inne og tulle heile «guskapte dagen».
Sidan det er 24. oktober og bonussommar, måtte eg gjere noko sommarleg. Først grov eg vekk gammal grasskorpe under klipparen og sette han på stallen. Så fall auga på det gamle skeive tsarplommetreet. Høveleg ver til å sage det ned, ta vare på det som kan verte ved og late greiner og kvistar hamne i fyllinga. Eg tenkte sjølvsagt nokre nostalgiske tankar om dei gode plommene, men korkje i fjor eller i år har det vore noko stell på «produksjonen.» Alt har si tilmålte tid, eit plommetre med.
Eitt av gjeremåla var av det huslege slaget. Henge opp klede på stativet og late Zephyr`s milde vind gjere tørkearbeidet. Kva gong eg går ut med klesvask og hengjer på snor, kjem eg på kva Thorsten Trost kalla meg når eg gjorde såvore arbeid. «Gina», kalla han meg, og flira. Det er vel forresten ikkje berre tyskerar som heng fast i gamle kjønnsrollemønster. Viss det er ei skam for ein mann å henge opp klede, så har eg bite hovudet av den skamma.
Det var ein fin haustdag, men det er jammerleg lite sola slepp til i Sundalsbygda no. Men fineveret gav meg ein «oppstigelse»!

Idunn Said,
oktober 25, 2011 @ 17:07
Fint!