Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kven er helt?

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - onsdag 12. oktober , 2011

Kva er det som kvalifiserer til den gjæve tittelen helt? Vi høyrer om eller les om kvardagsheltar, folk som på ulik vis utfører bragder. Når nokon reddar einkvan med fare for sitt eige liv, er det heltemodig. Helt er eit positivt lada ord og går alltid på at noko vert gjort utan tanke på eiga vinning . Helten ventar inga takk for det han eller ho har gjort.

I  Aktuelt på Nrk 1 i dag vart 92-åringen Joachim Rønneberg intervjua om den store sabotasjeoperasjonen han leidde i 1943, sprenginga av tungtvassanlegget på Vemork kraftstasjon. Hendinga står som ei av dei store bragdene under andre den  andre verdskrigen. Rønneberg står fram smålåten, men  er ein ruvande skapnad i krigshistoria. Han visste nok ikkje til fulle den gongen kor viktig denne operasjonen var, men ettertida har forstått det. Hadde Hitler skaffa seg atomvåpen, kunne krigen ha fått eit heilt anna utfall.

Det er mange heltar i vår tid òg. Dei som redda liv 22. juli, dei som flyg  helikopter under vanskelege redningsaksjonar. Så er det alle dei heltegjerningane vi aldri får høyre om. Vi kjenner også til at det er mange som har ofra livet sitt utan å få høyre at dei var heltar.

Det er nok dei som drøymer om å bli helt, ja kven har ikkje i ein dagdraum gjort det? Vi snakkar av og til om idrettsheltar. I farta kjem eg på berre ein. Det var den norske orienteringsløparen som stogga og hjelpte ein konkurrent som hadde skada seg. Han tapte førsteplassen, men vart helt i staden.

 

3 Comments »

  1. Hanna Montana Blogg Said,

    oktober 12, 2011 @ 22:51

    Heisann.
    Kjempeflott blogg dette.
    Skal titte innom her litt oftere ja.
    Håper du tar en liten titt på nettsiden min også.

    Love and kiss. Hanna xxxoooxxx

  2. Idunn Said,

    oktober 13, 2011 @ 22:09

    Såg at ein svensk ballgut blei kalla helt her om dagen fordi han var så rask med å gi ein ball til eit innkast som førte til at Sverige fekk ballen i mål og kvalifiserte seg til EM…

  3. Harald Petter Said,

    oktober 13, 2011 @ 22:26

    Det las eg også. Misbruk av helteomgrepet, spør du meg. Det var forresten ei visestrofe av Jan Eggum som kverna inni skallen medan eg skreiv bloggen: » Kvar er alle heltane?»

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php