Donald Duck
Donald skal no ha fått si Dolly. Det er ein sensasjon i teikneserieverda, og det er kan hende ei naudsynt fornying innanfor andebyuniverset. Den hissige anda skal vere minst 70 år og stendig like vital. Det same gjeld nok Dolly og dei andre figurane i byen. Eg har ikkje kome så langt at eg har lese serieheftet der dette skal vere ein realitet, men det bør freiste gamle donaldlesarar til å skaffe seg albumet.
No har det vorte smått med serieheftelesing siste åra. I gamle dagar las eg gjerne Donald, men av ein eller fleire grunnar har det minka med interessa for den uheldige anda og alle dei andre figurane. Sidan det er menneske som skriv om Donald, så har han sjølvsagt menneskelege trekk, og det er innarbeidd tydelege føresetnader for korleis desse skapningane skal oppføre seg kva karaktertrekk dei skal ha.
Det som kan undre ein er at Donald og dei andre artsfrendene hans, som onkel Skrue og bestemor Duck skal gå rundt utan påkledning nedanfor navlen (som sjølvsagt ikkje finst i andefamilien). Det kan vel hende at ein filolog, eller kanskje ein samfunnsvitar, ville finne t.d. samfunnssatire i mange donaldforteljingar. Sjølv har eg berre lese historiene som underhaldande eventyr.
Når serieforfattarar no finn å ære ekteskapet med å smi Donald og Dolly i Hymens lenkjer, så kan eg ikkje anna enn glede meg over det, men eg fryktar ekteskapelege scener i heimen til dei to.Kva med nevøane? Vil dei no bli adopterte? Når først endringar kjem til, så er vel ikkje vegen lang til nye sensasjonar. Kanskje gamle Skrue kan bli lurt inn i ekteskapet av ei lekker snelle, som brått etter vigsla syner seg å vere Magica frå Tryll!
Fylg med, fylg med! Kanskje vert det større etterspurnad etter donaldblad etter dette?
