Opphaldsregn
Ordet vart laga i rein frustrasjon. Det regnar når det i følgje meteorologiske varsel skal vere finever, og finever på våre kantar er fråvere av regn eller kvitt nedfall. No kan ein frykte at bror min som til vanleg er optimist, får rett i at det kan kome til å regne til det snør.
Det var kanhende slikt ver dei hadde i tida omkring 1800. Då var det uår. Folket var avhengige av det som jorda bar, og når det vart lite for og kornet fraus, vart det svolt og elende. Eg les i avisene at det vert ein ekstra ring kornhaust i år. Kornet vert ikkje brukande til folkemat og knapt nok til dyrefor. Då vert det å importere frå ein verdsmarknad som heller ikkje har flust med korn. Ei følgje er sjølvsagt at matprisane stig. Det kan vi nordmenn godt leve med.
I dei nemnde uåra vart poteta redninga for mange. Ho var relativt ny i her i landet, men kjærkoma. No vert det visst dårleg potethaust også på breibygdene. Potetene rotnar i jorda, og det som ikkje rotnar er vanskeleg å hauste på dei blaute åkrane.
Vi skal vi visst ikkje ete så mykje poteteter og heller ikkje kornmat i følgje kosthaldsekspertane, men sjå om ikkje det vil røyne på viss det vert for lite av korn og poteter. Eg såg forresten at det kan bli mangel på potetchips! Det er kanskje verre for dei som må ha det til laurdagskosen. Noko av potetene skal vel nyttast til spritproduksjon. Det plagar meg lite om brenneria får for lite tilfang til sin produksjon.
I dag skulle det vere opphaldsver, men eg sit og ser ut på ei ny ladning med opphaldsregn.

Birgit Said,
september 27, 2011 @ 21:21
Den var finurleg. Fin.