Hekjen
Ordet er eit adjektiv og vert nok lite brukt i dag. Ein person som er hekjen er svært sparsam og lite viljug til å gje frå seg noko. Ein gjerrig! No veit eg at ordet også har vore brukt om folk som grev til seg, som er ute etter å skaffe seg pengar og eigedom, gjerne på litt tvilsamt vis. I mitt målføre vart også ordet pinete brukt og det er i sterk slektskap med å vere hekjen.
Eg kom på omgrepet hekjen i samband med noko som vart sagt når ein beit seg sjølv i leppa. «Det kjem ein hekjen!»Kven som kunne kome veit eg ikkje, men det var som ei varsling. Det var vel mest som ein parallell til utsegna om at det kom ein uventa gjest dersom ein naus.
Det kunne elles vere freistande og gå vidare og leggje ut om alle uttrykka ein har for «å bite». Du kan» bite deg merke i», eller du «bit noko i deg». Det er snakk om metaforar som har eit konkret opphav i det å bite. Du kan også «bite frå deg»! Dersom du då ikkje reagerer, så «bit det ikkje på deg» :-)
