Aktuelt og litt til
Det hadde roa seg etter valet og dei nye ordførarane var på plass. Då vart det veldig spennande på ein annan måte. Ei tragisk ulukke ombord i hurtigruta «Nordlys» Eg har vore ombord i Hurtigruta eit par gonger i Ålesund for å sjå, og ein gong vart det julebuffet. Det måtte eg tenkje på då eg såg bileta på Dagsrevyen og seinare på nettet. Maten står på borda slik den stod før folk måtte evakuere. Her var det ikkje tid å ete frå seg. På dekket ligg det store mengder tallerkar, mange av dei knuste.
For mange år sidan reiste vi til Bodø med Hurtigruta frå Skansekaia. Vi hadde med bil og køyrde sør att. Eg kan ikkje hugse at vi kjøpte mat på båten. Den tida levde vi på ei løn og hadde nok ikkje råd til det. Vi hadde med niste. Det var ei oppleving å reise langs kysten og det meste av tida var vi ute på dekk.
Det har hendt mykje dette året. Vi har fått datoar å hugse, det er folk vi saknar. Eg skal ikkje seie mykje om veret. Det har mange nok gjort. Det er likevel freistande å sitere ein som likevel fann grunn til litt vellæte etter ein noko våtsam sommar og haust: «Jammen løyvde vi litt høyterre i år og!» Det har vi ikkje gjort i 2011.
