Kvivstur
I dag var det min tur å velje turmål. Eg var litt treg i dag tidleg med å seie kva eg tenkte, så det var like før eg fekk refs. «Kvivsskaret», kreista eg ut til slutt. Det vart ein fin tur på ein fin dag, og vi kom heim utan å ha ramla i bratte bakkar. Sola skein og skyer dreiv, men det var høveleg turtemperatur i eit tempo som høver folk i sekstiåra. Eg spurde bror Bernt om han ville vere med å gå i ljåsmedar og spelemenn sine fotefar, men han ville heller stå i åkeren og grave opp poteter. Vi hadde ikkje gått langt etter at vi parkerte på Kvivssetra, før kona oia seg over at ho hadde gløymt stavane. Eg visste råd. Med ein sløv kniv gjorde eg kål på eit par småbjørker. Etter turen var eg takksam til knortekjeppane for dei hadde vore gode å ha både oppover og ikkje minst nedatt. På brekka, midtvegs til skaret, råka vi på ein honndøl som var på saueleiting. Han fortalde at han har 325 sauer. Sauene respekterer tydelegvis ikkje fylkesgrensa. Sauer var der og ein flokk for føre oss opp gjennom bratta til skaret. Det er alltid triveleg å møte anna folk som er på tur. Det var også kjekt då det dukka opp ein yngre mann med hagle. Han hadde gått langt, men hadde ikkje sett ei einaste rype.
Frå Kvivsskaret ser ein ned i Hornindal eller Honndalen som vi seier til dagleg. Eg har tidlegare skrive i ein blogg at eg har røter i Honndalen. No er det hol i fjellet mellom Kalvatn og Honndalen og 22, sept. neste år opnar Kvivssvegsambandet. I dag skulle vi ha gått ned til Grodås og kjøpt oss middag på Raftevoll. No åt vi nista her på skaret og så rusla vi nedatt til Kvivssetra og bilen.

Anders Kalvatn Said,
september 12, 2011 @ 23:44
Kjekt å sjå at de er så spreke:) Eg har forresten (litt flaut å innrømme det) aldri vore lenger framme enn Kvivsvatnet.
Harald Petter Said,
september 13, 2011 @ 08:52
Det er berre å gå ein time til:-)