Follabloggen

Velkommen til min blogg

Vassfløde

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 8. september , 2011

Min barndoms vassfløde er berre barnemat når eg ser på tilstandane austanfor og elles i Sør-Noreg desse dagar. Det kjem føre meg at vi held på å bli «tusen sjøars land», kongeriket druknar.

Eg vaks opp ved eit vatn og vassfløde var gjerne vanleg om hausten. Det vesle skulehuset stod (og står framleis) nær bygdevegen og vatnet straks nedanfor. Når det var vassfløde, gjekk vatnet over vegen og heilt opp til skulestova. Vatnet var regulert og det var ofte eit problem at Elverket ikkje sleppte ut vatn i god tid før ein fekk ekstra påfyll ovanfrå.

Det har vore mange stride regnbyger i sommar og så langt i haust. Det fører gjerne til at små elvar sveller opp og somme tider tek seg nye far slik det gjorde i Håvika. Då vel eg å kalle det skadeflaum.

Det har vore så mange flaumar også i dalen der eg bur. Eg kjenner til berre eitt tilfelle av dødsfall i samband med ei flaumdiger elv. Ein mann skulle heim frå arbeid og måtte forsere Sundalselva som hadde gått over sine breidder, då han drukna.

No er det vått og blautt overalt ute. Eg tenkjer på kva som kan skje dersom bakken ikkje turkar opp før vinteren kjem.

 

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php