Åra går
Det er nok dei mellom lesarane mine som tenkjer at no held fyren på å bli gammal. Då er det vel ikkje berre temaval det går på, men også måten ein nærmar seg seg ulike tema på, og kva standpunkt som skin igjennom. No er det ikkje berre negativt at ein vert eldre. For det første er det ei naturleg utvikling. For det andre er det ei utfordring. Ein må kjempe mot forfallet som kjem. Personleg prøver eg å hente fram det som er positivt. Så må ein prøve å halde seg i form både fysisk og mentalt.
For fire dagar sidan gjekk eg og kona på Sunndalsnipa. Det var godt å kjenne at kroppen fungerte, sjølvom vi brukte ein time lengre enn første gongen. Etter denne turen, har eg tenkt at eg må ha meg eit par stavar. Dei vil det vere godt å ha i undabakkane. Det er rart, men det er ned frå fjellet som er mest utfordrande. Ein er ikkje så ledig lenger og ikkje så trygg på foten. Eg har vore på det høgste fjellet i fjorden på ski nokre gongar, men det har eg slutta med. Nedkøyringa er for spennande og risikofylt.
Her ein dag måtte eg tenkje på min ungdoms musikkidol. Dei er totalt ukjende for dagens ungdom. Eg gjekk så langt at eg sjekka om nokon av dei framleis levde. Eg har ei vinylplate med cuntryartisten Eddy Arnold, ein skikkeleg gentleman forresten. Det viste seg at han døydde i 2008, 90 år gammal!
Overskrifta kunne like gjerne vere «Åra kjem». Det meste går greitt og kunne vere det same som før om ein ikkje såg seg i spegelen
