Follabloggen

Velkommen til min blogg

Litt pjaske

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 1. september , 2011

«Ka du pjaska med?»Dette har vore forståeleg språk i mi verd. Pjaske er i slekt med det ordet eg skreiv om i går. Det er liksom ikkje så overhendig til aktivitet. Du pjaskar vel med eit kvart gjennom dagen og dagane. Eg likar å pjaske, ta pausar innimellom, ta ein telefon når det vert for langsamt.

Dette er nok dialektisk, men eg meinar det kan vere sagt om ein person at han eller ho er pjasken(dial.. pjaskjen). Er du pjasken, så er du ikkje heilt frisk. Noko pjusk, kanskje. Er du skikkeleg pjasken, så kan det også vere eit teikn på at det er noko alvorleg fatt. Pjasken er synonymt med å vere dårleg.

Det kan vere at eit eller anna uver har fare over distriktet og at det ser noko ille ut. Då kan ein seie at her er det «pjaskje».

Som om ikkje dette var nok! «Eg har høyrt at Per pjaskar med Pernille». Kjæresteteri altså. Endå ei tyding av ordet! Det er nok ikkje eit uttrykk ein brukar om prinsar eller prinsesser, kanskje.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php