Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ekkel, egoistisk banditt

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 30. august , 2011

Frank Aarebrot har kasta ut ein brannfakkel. Vi eldre er både ekle og egoistiske. Stort verre kan det ikkje bli. Avskum! Når folk kjem med slike generaliseringar, er det ikkje alltid så klokt å gå så hardt i mot, for å kome med grunnar for at vi ikkje er så ille. Påstanden verkar så urimeleg i seg sjølv; ein stor del av folket i kongeriket er bandittar.

Det er vel ikkje så uvanleg at ein har eit føremål med å kome med slike utspel. Provokasjonen kan føre til debatt. Treng t.d. dei eldre bruke så mykje på seg sjølve? Bør ein ikkje bruke meir av midlane til å hjelpe born og borneborn og gjerne testamentere pengar til gode føremål. Kvifor skal eldre reise på Sydenferie to gonger i året? Det bør kanskje også bli slutt på at pensjonistar betalar full pris på buss og tog osv.

Eg lærte tidleg at ein skulle vere varsam med generaliseringar. Aarebrot er valforskar. Han likar truleg godt å vere i media sitt søkelys. Han er nok ikkje dum, men om utspelet er så klokt, veit eg ikkje. Det er likevel  meir verknadsfullt enn om det var moromannen Torkelsen som kom med salven.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php