Krekjebær
Offisielt heiter det krekling, men bæret har mange namn. Nokre av namna fortel at safta frå bæret har ein verknad, det er vassdrivande: Pissbær .
I går var vi på Haralddalssetra og plukka krekjebær. Vi har brukt å koke bæra og lage saft. Denne gongen fekk vi låne bærslynga til Mildrid. Då vart det konsentrat. Safta vart frosen ned i beger slik at ein kan ta eliksiren att, tine han i mindre porsjonar for safta vil ikkje stå seg lenge i kjøleskåpet naturell.
Kreklingsafta skal ha positiv verknad på blodomlaupet og er full av antioksidantar. Den skal også verke dempande på betennelsar. Eg har også lese at krekling hjelper mot diarè.
Eg har eit minne om ein gong vi ga kreklingsaft til eit tysk ektepar som var på kveldsbesøk. Dei hadde sprunge på do heile natta. Skal du drikke safta av krekling, må du ikkje gjere det om kvelden viss du vil ha nattero.
