Follabloggen

Velkommen til min blogg

Kvar er fisken?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 18. august , 2011

Var på fjorden for nokre kveldar sidan, men det vart skrale greier. Vi var fire karar. Håvard og eg fekk ingenting, broren min og sonen hans, fekk kvar sin , ein liten torsk og ein sei. Det var alt etter at vi køyrde båt ein halvtime utover til Håvika. Eg har aldri gjort krav på å vere ein storfiskar, men likevel. Elendig. I gårkveld køyrde vi to og ei halv mil, kasta frå kaia på Viddal og seinare på Leira, men ikkje eit napp! Då var vi tre, kona, sonen og eg. Niks!

Fisken reagerer nok negativt på alt det sure veret. Kanskje mange fiskar har reist sin veg, kanskje til Nord-Noreg? Kanskje fiskane har lagt seg ned på botnen og gått i dvale?

Det er ei anna forklaring som eg har høyrt. Det er ikkje småsild i fjordane her. Viss det er slik, då kunne fisken bite på sluken min i staden, men det er ikkje så enkelt. Ver og sjøtemperatur har nok sitt å seie. Bror Bernt meiner at august er ein dårleg fiskemånad.

No har vi ete opp resten av kredene vi tok med garn i setrevatnet tidlegare i sommar. Frysaren er ikkje heilt tom for fisk, men det viktigaste med å dra på fisketur, er å få fisk, kjenne gleda og spenninga ved å få noko på kroken.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php