God dag
«Nu igjen er det slutt på en dejilig dag».Slik lyder det i ein dansk song som eg hugsar frå eit kor eg song i på 70-talet .Klokka går mot midnatt og det er mørkt ute. Eg vil gjerne tru at det framleis er sommar, men vi er komne til midten av august. Dagen har vore fin, frukost på terrassen, tur på setra, kjempegod salat og besøk av bror, svigerinne og tyske Evelin som skal reise heim grytidleg i morgon. Det vart også eit pluss på dagen at Ålesund slo Rosenborg i kvartfinalen. Så gjekk det godt med Egil svigerson som var med på triathlon i dag. Han drukna ikkje i Sognsvann, men greidde symjeturen og avanserte fleire plassar på den avsluttande sykkeldelen.
Men det går mot haust. I går plukka eg solbær og laga den første ladninga med syltety. Kvaliteten på bæra er ikkje topp i år. For mykje surever, men ein vinter utan eit lager av solbærsyltety, kan eg ikkje tenkje meg—.

Idunn Said,
august 14, 2011 @ 12:45
For ein fin dags-rapport!
asmund myhrvold Said,
august 14, 2011 @ 16:54
Sumaren kverv og snur seg burt;
Dag etter Dag han ut or Synom siger.
Graset vil verda styrdt og turt.
Ljoset vil minka; Myrkret stiger.
Dagen er stutt, og Natti lang;
so er no Aarsens gamle Gang.
Lysande gult er Lauvet litt.
Heppelegt Liv, som fær so fager Daude!
Skogen er trøytt av Plagget sitt;
ymise Toppar standa snaude.
Losnat av Kvistom eitt og eitt
ligg yver Jordi Lauvet breidt.
Snart er den ljose Bjørki snaud;
snart faa me sjaa det sidste Lauvet losna.
Hagen er tom, og Engi aud,
Røterna standa i Jordi frosna.
Men yver Jordi, aud og tom,
ligger det Fræ til Gras og Blom.
Vetteren kjemer kald og streng;
sæl er no den, som kann i Husom hyggjast.
Gleda flyr ifraa Mark og Eng,
Fuglarne burt or Bygdom styggjast,
men sine Reid ifraa sidste Vaar
vitja dei vist eit annat Aar.
Endaa me vilja paa Landet sjaa,
helst naar me faa ein liten Glytt av Soli.
Eingong me fegre Dagar faa,
helst naar det lider fram um Joli.
Og etter all den lange Kvild
kjemer vel Vaaren, ljos og mild.
asmund myhrvold Said,
august 14, 2011 @ 17:06
Glemte dikterens navn. Det er Ivar Aasen. Takk for koselig rapport. Jeg har også plukket solbær de siste dagene, og har spist en porsjon med sukker og fløte på.