Follabloggen

Velkommen til min blogg

Ein vond draum

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 26. juli , 2011

Eg kan drøyme vonde draumar og vita at dette berre er ein draum. Ofte etter traumatiske og vonde opplevingar, vaknar eg om morgonen og veit at noko er veldig ille, og først etter ei lita stund kjem eg på kva det er. Det kan vere tap av ein kjær person, eller ei ulukke som førte til skader.

Det har vore dagar fylte av sorg og fortviling etter terroråtaka 22. juli. Eg kjenner ingen av dei som har mist livet, men likevel går det inn på meg. Som alle andre ser eg det meiningslause i det som har hendt. I slike tider er det lett å bli lamma. Det er det vondskapen vil: lamme oss. Ein spør seg gjerne: Er det noka hjelp i å be? Kva skal ein be om når katastrofa har skjedd. Tida kan då ikkje skruast tilbake.

Når ein er i djup sorg, kan ein anklage Gud for tapet. Kvifor greip han ikkje inn? Mitt svar er at vi ikkje har nokon annan å gå til for å få hjelp og styrke til å kome igjennom. Medmenneskeleg omsorg er også viktig, men vi treng vona. Vona om det evige. Eg trur det er særleg mange som bed no,  bed for dei mange sørgjande, og for dei som skal hjelpe og trøyste.

 

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "Follabloggen" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php