Krykkjer
Nei, eg brukar ikkje krykkjer. Det eg tenkte på var ein fugl, eller rettare sagt mange fuglar. Trudde at ein måse var ein måse, men dette var ikkje måsar: det var krykkjer. Krykkjande fullt vart det av dei då Kjell fiskar heiv alle restane etter fileteringa utfor Fyrdskaia. Eg, min gap, kommenterte alle desse måsane. Det skulle ikkje ein dalagap ha gjort for det var krykkjer, må vita. To koloniar av slaget er det i Indre Austefjorden, og dei har auka i tal. Det har visst ikkje gråmåsen og fiskemåsen gjort. Korleis det er med svartbaken og terna , veit eg ikkje. Sjå der, jammen visste eg ikkje namna på fleire måsesortar.
Eg spurde Kjell korleis eg skal sjå kva som er krykkje. Svaret var lyden eller språket for dei skrik annleis enn dei andre artane. At dei gjennomsnittleg er mindre enn ein gråmåse og større enn ei makrellterne, det greier eg å takle, men språket det vert verre. Minner meg om ein nordmørsgut som sa noko til meg for litt sidan. Eg måtte spørje oppatt for det høyrdest ikkje norsk ut! Fekk seinare vite at den same guten hadde gått til logoped.
