Om filter
Eg kan hugse at sigarettane før var utan filter. I dag kan du også røyke utan filter.Rullings. Sjølv røyker eg ikkje, slutta heldigvis før eg kom skikkeleg i gang, og godt er det. Trur eg har tent mykje på det, ikkje minst helsemessig, sjølv om eg som dei fleste andre har mine plager.
Filter kan vere greitt å ha. Ynskjer meg eit filter når eg surfar på nettet. Her er det mykje graps og grums. Skulle hatt eit filter mot alt det som er spekulativt og nedbrytande. Diverre er det nok vanskeleg å verne seg mot all rotenskapen, all sladder og grafsing i kjendisliv og anna liv.
Filteret i sigarettane vernar nok ikkje særleg mot dei langsiktige verknadene av «likkistepinnnane». Eit filter mot alt som er ille, ville nok ha sine biverknder. Vi kunne kome til å tru at verda er betre enn ho er. Har vi tilgang til Internett og massemedia så må vi sjå i auga at her finn vi livet i mange slags valørar.
I hagen har vi ein dam med ei fontene. No er det svært dårleg trykk på strålane som går til vers. Filteret er snart tett. Smusset i dammen tettar til porane i filteret. Det må reinsast ofte. Slik er det også med filtera i ein motor. Dei må skiftast med visse mellomrom, elles vert det dårleg effekt og i verste fall skadar på vitale deler.
Eg skulle kanskje kalla denne bloggen for «Filtertankar», men filtertankar veit eg ikkje kva er. Eg har ikkje filtertankar; eg tenkjer stendig på ting utan å ha kontroll på kva som dukkar opp. Stundom plagar det meg, men slik er det.

ole peder dalen Said,
juli 25, 2011 @ 06:36
Hei
Får ikkje sove og kom over follabloggen utan filter…
Av og til kan det ein tenkjer og skriv få ny aktualitet i ettertid. Sterkt å lese «om filter» etter hendingane dei siste dagane.
Ein flott blogg både i innhald og form..
God sommar vidare!
opd
Harald Petter Said,
juli 25, 2011 @ 10:19
Takk for responsen, Ole Peder! Nett no synest eg det er vanskeleg å skrive noko. Sist torsdag døydde eit søskenbarn og så kom den lange fredagen.
God sommar til deg og dine!
Harald