Epleblomar
Det har vore regn og rusk nokre dagar, og det er spanande om frukttrea kjem velberga gjennom vårstida slik at frukt kan haustast. Både plomme- og pæretre står med kvite blomar. Epletrea er noko seinare, men dette treet som vart planta for fire år sidan står med vakre blomar. Trudde eg skulle få med ei humle på fotografiet, men ho flaug diverre. Det er travelt for insekta når dei får nesten ein dag med opphaldsver :-) Når det vert slik som no, treng ein ikkje reise til Hardanger for å sjå på fruktblomstringa.


Idunn Said,
mai 22, 2011 @ 23:13
Nydeleg bilete!
Håvard Kalvatn Said,
mai 26, 2011 @ 17:31
Ikkje berre ein god skribent, du tek fine bilder også!
Harald Petter Kalvatn Said,
mai 26, 2011 @ 21:32
Takk for det!