Oldemor
Det er tid for litt slektshistorie igjen. Alle har fire oldemødre, men dei fleste veit lite om sine oldemødre, Når det gjeld mine, så veit eg namna på dei, men berre ei av dei veit eg litt om. Det gjeld mora til min farfar, som heitte det same som eg, og med same mellombokstav.
Ho heitte Berte Johanne og kom frå Sundalen, ikkje mange hundre metrane frå der eg bur. Ho vart gift med Harald Olsson, som var enkjemann og hadde to born. Han døydde etter få år. Harald og Berte Johanne hadde ei dotter. Så vart Berte Johanne gift med broren til Harald, Peder Johan. Dei fekk fire born. Min farfar var nr. 3 i barneflokken.
Berte Johanne døydde i 1931, berre nokre dagar etter det ho ville fylt 98 år. Eg trur ho må ha vore ei sterk kvinne. Det var eit strevsamt liv, men eg trur at ho må ha hatt eit godt humør for eg har høyrt fortalt at ho gjekk og nynna medan ho arbeidde. Oldefar Peder finst det ikkje fotografi av, men vi har i alle fall to bilete av Berte Johanne. På det første sit ho saman med «ungefolket» og barnebarna( Sjå nedanfor). Sidan Peder døydde i 1907, må biletet vere frå ca 1909. På det andre biletet er ho ute og går og støttar seg til ein stokk. Det vert elles fortalt at ho gjekk fjellet mellom Sundalen og Kalvatn då ho var langt opp i åra.
Det er ei anna og interessant tilleggsopplysning. Garden som Berte Johanne vart gift til, vart delt og ein av sønene til den første mannen hennar vart eigar av eine bruket og Peder av det andre. Etter ganske få år, måtte Ola Steffen gå frå sin gardpart og dette bruket vart etter ei tid(1898) selt til Daniel Didriksson som var søskenbarn til min farfar. Danielgarden, som det bruket vart heitande, er no i desse dagar selt og såleis ute av slekta.


Eivind Said,
mai 23, 2011 @ 09:10
Leter etter «like»-knappen. Veldig bra!
Harald Petter Kalvatn Said,
mai 23, 2011 @ 10:16
Takk, Eivind! Det er folk som deg eg tenkjer på når eg skriv slektsbloggar.Beste helsing onkel Harald
Asgeir Leirvik Said,
september 20, 2011 @ 17:33
Vel å merke er Danielgarden selt, men ikkje heilt ute av slekta, for me to er i slekt på morsida mi, sidan mi bestemor Hanna Petra var ein av dei 8 i syskenflokken og min far har kjøpt Danielgarden og dermed so blir det muligheit for deg å kome inn i garden på besøk om du måtte ønske det:)
Harald Petter Said,
september 20, 2011 @ 19:06
Takk for responsen! Eg har aldri møtt deg, men du må vere son til Anny og John. Eg hugsar Hanna og Hilmar, og eg veit at Hanna vart svært gammal.
Asgeir Leirvik Said,
september 21, 2011 @ 15:17
Det stemmer, eg er yngste sonen til Anny og John sjøl om eg nærmar meg 40:) So er det systra mi som er 45 og broren min som er 48.
Hanna rakk og bli 102 år gammal før ho døydde,mett og rik på livet:) Ho va fødd i 1904, og den siste attlevande i syskenflokken, Sidan Harald døydde nåkre år før henne.